torsdag 5. november 2015

Klassemiljø

Klassemiljø

Viss vi skal få eit betre klassemiljø så krever det at folk er snille med kvarandre og viser respekt. Du skal for eksempel ikkje slenge ein kommentar til noen bare du ser dei eller møtar dei. Noko vi også kan gjere er å snakke med kvarandre, gje kompliment og ikkje bare snakke med vennane dine. Du kan snakke eller kanskje vere med nokon som du ikkje pleier, eller viss nokon er aleine så kan du spør om dei vil vere med deg.

I klassen så kan du hjelpe han/ho du sitter med viss dei sliter eller bare spør om dei trenger hjelp til noko. Du må heller ikkje vere redd for å rette opp handen viss du lurer på noko og får å gjere personer i klassen meir trygge så må du ikkje le når personen som har ordet snakker, og du må ikkje småsnakke heller. Dette hjelper både lærer og elev. lærerne kan også bidra til å gi eit betre klassemiljø, med å spør viss det var noko elevane ikkje forsto, og dei kan gå rundt i klasserommet og se om nokon treng hjelp til noko.

I friminuttet så kan lærerane gå bort til elevar som kanskje er aleine, eller ikkje har nokon å vere med, og det læraren kan gjere er å snakke med eleven. læraren kan også spør andre elevar om dei kan inkludere ein annen elev, som ikkje har så mange venner eller ikkje har nokon i det heile tatt. Dei elevane som er kanskje mest populære(ifølgje elevane) kan gå bort til ein annen elev og spør om dei vil vere med å spille fotball eller ein annen aktivitet. Vis alle gjer litt innsats så kan alle ha det bra og vi får eit godt klassemiljø.

1 kommentar: